Zeshan Shakar: Kontor og klasse

Direkteoverført samtale frå Litteraturhuset i Oslo til biblioteket ditt

Gul bok er tittelen på Zeshan Shakars etterlengta andrebok, som allereie har fått eit ras av gode omtaler. Her treff me Mani, som har vakse opp i ei blokkleilegheit på Haugenstua. Etter det sjette jobbintervjuet trekkjer han endeleg det lengste strået og blir tilsett i Oppvekstdepartementet.

Tidligare har Mani blitt eksponert for norsk middelklasse som student på BI. Men det har berre vore i timer av gongen, før han har kunna dra heim att til Haugenstua. Med fast jobb i departementet rykkjer middelklassekulturen mange hakk nærare, og resultatet blir små og større kollisjonar mellom slik Mani forstår verda og slik kollegaane gjer det. Gul bok er ei finmaska framstilling av å føle seg fram i ei verd der ein ikkje kan reglane og der det vante verdisystemet er bytt ut: Tøyen er plutseleg meir kred enn Frogner, og ferieturen til Dubai som Mani sin kjærast Meena drøymer om, vert kraftig problematisert av kollegaane. Dei snakkar om Dubai og undertrykking og moderne slaveri.

Shakars brakdebut Tante Ulrikkes vei vart blant anna hedra med Tarjei Vesaas debutantpris. Den handla om dei to ungdommane Mo og Jamal og deira kronglete veg ut i ungt vaksenliv. Som i Shakars første bok tematiserer også Gul bok ulike opplevingar av utanforskap og minoritetsstatus, denne gongen i eit kontorlandskap som vert ramma hardt av 22. juli-terroren.

Samtala vert sendt direkte. Grunna smittevernreglar vil det vere begrensa med plassar.
Gratis inngang. Velkomen!

Påmelding til Ål bibliotek: biblioteket@aal.kommmune.no eller tlf. 32 08 51 20

Påmelding til Gol bibliotek: gol.bibliotek@gol.kommune.no eller tlf. 902 87 526

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close