Velkomen til Vinterles-kveld på biblioteket, onsdag 10. mars kl. 19.30

Treng du tips til nytt lesestoff? Har du lyst på bokleg inspirasjon? Kom på biblioteket denne kvelden! Vi på biblioteket har funne fram ein solid bunke gode bøker vi vil presentere. Det blir eit variert utval med noko for ein kvar smak.

Kvelden er ein del av Vinterles, vår lesekampanje for vaksne. Om du ikkje allereie har gjort det, bli gjerne med på bokbingoen vår og du blir med i trekkinga av tre korger med lokalmat frå Ein smak tå Hemsedal. Vinterles varar til 10. april og du kan registrere alle bøker du har lese frå 10. januar.

OBS! På grunn av smittevern er arrangementet berre ope for folk som er busett i Hemsedal.

Vi følger gjeldane reglar om smittevern slik at dette skal vere eit trygt arrangement for alle:

  • Alle får faste sitteplassar med god avstand mellom plassane.
  • Ta med munnbind. Du treng ikkje bruke det når du sit på plassen din, men du må bruke det når du går rundt i biblioteket.
  • Er du i karantene/isolasjon eller har du symptom på luftvegssjukdom ber vi deg halde deg heime.

 

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close