Vigdis Hjorth. Foto Sara Angelica Spelling

Direkte frå Litteraturhuset:
Vigdis Hjorth i samtale om romanen “Er mor død”

Litteraturhuset i Oslo tilbyr no eksklusiv direktesending av enkelte arrangement til folkebibliotek over heile landet. Først ut i haust er eit av dei store namna i den norske bokhausten: Vigdis Hjorth.

I Hjorths nye roman Er mor død kjem ein kunstnar av internasjonalt format, Johanna, tilbake til Noreg etter å ha budd tretti år i utlandet. Då ho i si tid forlet landet, skapte det splid og uvennskap i familien. Ei stor utstilling er no under oppseiling i heimlandet, ei som skal vise fram heile kunstnarskapet hennar. Blant bileta er også dei som ein gong skapte så sterke reaksjonar hjå familien.

Er mor død kretsar rundt sakn, mogelegheit for forsoning, og familierelasjonar i spenn mellom det som var og der ein er no. Mora tek ikkje telefonen når Johanna ringer. Og i sine forsøk på å nærme seg, tek Johanna i bruk uventa og utradisjonelle metodar.

Hjorth har i den siste tida fått omfattande internasjonal merksemd for romanen Arv og miljø, som blant anna har blitt nominert til den høgthengande National Book Award. Som i fleire tidlegare bøker (Hva er det med mor, Tredje person entall og Arv og miljø) undersøkjer ho i sin nye roman smertepunkta i nære relasjonar, medan litteraturen, kunsten og filosofien heldigvis aldri er langt borte.

Samtalen vil strøymast direkte til biblioteket. Grunna smittevernreglar vil det vere begrensa med plassar.

Påmelding til Ål bibliotek: tlf. 32 08 51 20 eller e-post: biblioteket@aal.kommune.no

Påmelding til Gol bibliotek: tlf. 902 87 526 eller e-post: gol.bibliotek@gol.kommune.no

GRATIS INNGANG  –  VELKOMEN!

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close