Foto: Flickr (patricephotographiste)

Likar du å lese romanar med handling i framtida? Anten du er optimist eller pessimist? Då kan den nye hylla på Ål bibliotek vere noko for deg!  Her har me sett bøker for vaksne innan sjangrane science fiction (sci-fi) og dystopi. Sidan dei to sjangrane av og til kan vere vanskelege å skilje, står bøkene blanda.

Science fiction fokuserer fyrst og fremst på utviklinga som kan skje innan teknologi og vitskap. Eitt døme kan vere rom-thrilleren Marsboeren av Andy Weir, som også blei filma i 2015. Om du liker sci-fi med humor og vill fantasi, er Douglas Adams si Haikerens guide til galaksen eit heitt tips (sjå trailer under)!

Typiske dystopiar fokuserer gjerne meir på samfunnsstrukturar, og fortel om ei framtid som anten er i fullt kaos eller strengt regulert – eller begge delar! Ofte fortel dei historia om ein helt som skal ordne opp i kaoset, starte eit opprør mot diktaturet – eller rett og slett overleve. Denne sjangeren har blitt veldig populær dei siste åra, og Veien av Cormac McCarthy er ein typisk dystopi (trailer under). Boka 1984 av George Orwell er klassikaren, om eit gjennomregulert overvakingssamfunn. Elles har Hugh Howey blitt ein ny favoritt internasjonalt for serien som startar med Silo, kor alle menneske bur i siloar under bakken.

Det finst også norske framtidsvisjonar i bokform! (Jon) Bing og (Tor Åge) Bringsværd var det mest kjente forfattarparet innan sci-fi, og seinast i 2014 ga dei ut dystopien London 2084 saman. Bjørn Andreas Bull-Hansen har skrive fleire dystopiske bøker; mest kjent er han for serien som starta med Lushons plater i 2004. Ørjan N. Karlsson har skrive Huset mellom natt og dag og i fjor oppfyljaren Speilets bakside.

Velkomen til sci-fi- og dystopihylla!
(Den som leitar mot slutten av skjønlitteraturen, før krimmen, skal finne fram!)

Synne, Ål bibliotek

Foto: Ål bibliotek

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close