Trøll i ord

Trøll i er eit samarbeid mellom Hemsedal mållag og Hemsedal bibliotek. Vi ynskjer å spreie leseglede og engasjement for litteratur til barn, med fokus på nynorsk og dialekt.
Det er gratis inngang på alle arrangementene.

 

Trøll i ord vinteren og våren 2020

 

Laurdag 18. januar kl. 11.00 – Skrømt
Tove Bøygard og Hege Rimestad kjem til biblioteket med barneforestillinga Skrømt på vift. Den handlar om gamal folketru og visene som spring ut av den. Her blir det spanande historier og viser om skrømt før og no—frå huldrer, haugafolk og troll til dagens moderne spøkelse.

 

 

Laurdag 15. februar kl. 11.00 – Drakelaurdag
Drakar: Nokon er eldsprutane og likar å fange prinsessar, medan andre slett ikkje er så farlege. Kom og høyr eit knippe spennande drakeforteljingar på Trøll i ord!

 

Sundag 22. mars kl. 17.00 – Forteljarteater: Eventyret om pannekaka
OBS! Merk tidspunkt!
Møt Kone Krone, Gamlefar, Sju Skrikarungar, Mann Brann, Høne Pøne, Hane Pane, Ande Vande, Gåse Våse, Gasse Vasse og Gylte Grisesylte som alle prøver å få tak i Pannekaka! Forestillinga er ei gjendikting på rim av eventyret av Asbjørnsen og Moe, framført som forteljarteater av skodespelar Peder Opstad frå teater Grimsborken.

 

 

Laurdag 18. april kl. 11.00 – Søskenlaurdag
Å bli storesøster eller storebror er spennande. Og det å ha søsken å leike, krangle, prate og tulle med er ei stor glede. Difor er det ikkje rart at det har blitt skrive mange, fine bøker om det å vere søsken. På Trøll i ord denne laurdagen kan du få høyre nokre slike søsken-forteljingar – ta med deg bror din eller søstera di og kom!

 

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close