Trøll i ord, Hemsedal bibliotek og Nynorsk kultursentrum inviterer til ein stemningsfull barne- og familiekonsert med musikarar og låtskrivar Annlaug Børsheim frå Ulvik i Hardanger.

Hemsedal bibliotek, 
laurdag 20. november kl. 11.00.

Då Annlaug Børsheim las boka “Eg er eg er eg er” av Ruth Lillegraven for første gong var det som om dikta hennar traff både den vesle jenta og den vaksne dama i henne, ofte i eitt og same dikt. Dei var fulle av liv og undring, dei var vakre og melankolske, og så musikalske og rytmiske. Ho har tonesett dikta og sett dei saman til ein konsert. Musikken er inspirert av folkemusikk og Børsheim speler både fele og gitar på scena.

Alle er velkomne! Gratis inngang.

Hemsedal bibliotek er eit av fem pilotbibliotek i landet som saman med Nynorsk kultursentrum vil gjere nynorsk kultur og litteratur meir synleg.

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close