Kjenner du til bøkene om Frosken og venene hans?
Laurdag 16. februar kl. 11.00 får Trøll i ord besøk av Silje Breivik frå Teater Spillebrikkene. Ho vil syngje og fortelje frå bøkene “Frosken og den framande” og “Den forelska Frosken”.
Forfattar Max Velthujis har skapt eit vakkert univers som handlar om dei store tinga i livet: kjærleik, venskap, sorg og glede. Bøkene om Frosken er elska over heile verda og
filmatiseringa av bøkene har vore vist på mellom anna NRK.

Framsyninga pass for barn frå 3 år og oppover. Gratis inngang.

Arrangør: Trøll i ord-nemda i Hemsedal mållag i samarbeid med Hemsedal bibliotek.
Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket som ein del av Bokåret 2019.

 

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close