John W. Johnsen ga i fjor haust ut det første av to bind om arbeidarrørsla si historie i Hallingdal. Torsdag denne veka kjem han til Ål bibliotek for å fortelje om Thrane-rørsla, som vart svært sterk i Ål og Hol. I 1849 etablerte Marcus Thrane den første arbeidarforeininga i Christiania, og i løpet av eit par år hadde slike foreiningar fått 30 000 medlemmer over heile Noreg. Dei kjempa for allmenn stemmerett for menn, betre rettar og kår for arbeidarar og husmenn og betre skulegang for småkårsfolk. I Ål vart det i desse åra stifta fleire arbeidarforeiningar, mellom andre Strand, Sando og Opheim, før myndigheitene i 1854 slo hardt ned på thranittane og dømde ei rekkje av dei for ulydigheit og forsøk på å endre statsforfatninga med ulovlege midlar. Kvifor vart Thrane-bevegelsen så sterk i øvre Hallingdal? Kva for familiar og grannelag var av dei mest aktive? Og korleis kan ein sjå Thrane-bevegelsen som ei fortsetting av Hans Nielsen Hauge sin bevegelse? Dette er spørsmål John W. Johnsen vil prøve å gi svar på i biblioteket på torsdag.

Gratis inngang. Velkomen!

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close