Hemsedal bibliotek har fått løyve frå smitteverngruppa i kommunen til å tilby takeaway-tenester frå biblioteket. No kan vi låne ut bøker, filmar, tidsskrift trass i stengte dører!

Sånn fungerer det:
Du tek kontakt med oss med dine ynskjer. Vi lager klar ein pose med bøker/filmar/tidsskrift som du kan hente utanfor biblioteket.
Tenesten er betent måndag – fredag kl. 9-14. I påskeveka hjelper vi deg måndag og tysdag kl. 9-14, onsdag kl. 9-12.

Kontaktinformasjon:

  • Epost til hemsedal.bibliotek@hemsedal.kommune.no
  • Send ei melding til Hemsedal bibliotek i Messenger
  • Ring oss på 31408950
  • Send SMS til 97763842

Du kan også logge deg på biblioteket sine nettsider, https://hallingdalsbiblioteka.no/hemsedalbibliotek/, søke etter kva vi har og reservere der.

Smittevern
Tiltaket er sett i gang i samarbeid med smitteverngruppa i kommunen. Vi vil ta omsyn til smittevern og ha god handhygiene. Det same gjeld ved innlevering av bøker. Bøker/filmar/tidsskrift som blir levert inn vil vera i karantene i ei veke for å vera heilt sikker på det ikkje er smittefare i materialet lenger. Av omsyn til smittevern vil bøkene bli levert deg på utsida av inngangsdøra.

 

 

 

 

 

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close