Vi er så glade for at vi også i år kan invitere alle barn i 1.-7. klasse til å bli med på Sommarles!

Sommarles er ein leseaksjon på nett som startar 1. juni. Du lagar din eigen profil på nettsida www.sommarles.no, der du registrerer bøker du har lese, får lesetips, løyser oppgåver og får tilgang til Mari Moen Holsve si spennande forteljing.

For å logge på kan du bruke same profilen som i fjor. Hugsar du ikkje innlogginga di kan du få den tilsendt på sommarles.no, eller ta kontakt med biblioteket. Er du med for fyrste gong i år? Då kan du skrive 0 (talet null) i feltet for lånarnummer.

For kvar bok du les og registrerer på Sommarles, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Sommarles er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Du kan velje å lese papirbøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller andre kan lese for deg  – all lesing tel og gir deg poeng.

Vi har premiar! Du kan få både digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket. Vi tek sjølvsagt omsyn til smittevern ved utdeling av premiar. Informasjon om utdeling av premiar i Hol på denne sida.

Lesetips: På heimesida vår finn du ei side med lesetips. Tips som passar både den ferske lesaren, den meir erfarne og tips til høgtlesing. Kikk gjerne innom den for inspirasjon til lesinga!

Har du spørsmål? Ta kontakt med ditt lokale bibliotek! Kontaktinformasjon finn du på denne sida.

Kodeord 1: Abaloneskjell
kodeord: 2: Korallrev
Kodeord 3: Pariserhjul
Kodeord 4: Måke
Kodeord 5: Storkjeft
Kodeord 6: Løvebyen

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close