Her finn du bøker som på ein eller annan måte er relatert til sommar. Nokre av omtalane og bileta er henta frå Biblioteksentralen sine nettsider. Klikk på bilete dersom du vil bestille papirboka, nokre av bøkene kan du også finne i e-bokappen Bookbites (sjå https://hallingdalsbiblioteka.no/e-boker/bookbites/).
Ivar får sitt første barn, og når guten blir fødd blir han så skaka av minna som velter opp i han at han ikkje klarer å halde sitt eige barn. Minna er om hans eigen far, om ein sommar på hytta då alt endra seg. For å kunne vere far må han attende til sommaren han ikkje kan setje namn på, då faren skulle lære han å køyre båt. Men faren er i stor sorg og har andre planar. Dette er ei forteljing om den vanskelege jobben med å vere forelder, og den utsette posisjonen det er å vere barn.
Dette er ein roman om det alt for korte livet, om døden og det forgjengelege. Men dette er også ein roman om ein far og ein son, om forholdet mellom dei og livet i ein arbeidarfamilie. Det handlar og om Hardangerfjorden og ei dramatisk heimferd om bord i ein trebåt ein våt sommardag.
Denne boka kan du også låne som lydbok på cd eller digikort.
Marius skal snart gifte seg med Julie, men tar ei avgjerdsle som set alt på spel. Han skriv eit brev til David kor han avslører ei hending som har fått alvorlege konsekvensar for dei begge. David sin ekskjærast Susanne kjenner seg svikta av David og bestemmer seg for å ta et oppgjer med han i brevs form. Vi møter også David sjølv, sommaren 2006 og på kontoret til psykiateren han går til. I dei to foregåande bøkene om David har ulike personar skrive brev om sine eigne liv, samstundes som dei sirkla inn David si historie. Her får lesaren endeleg svar på kven David er. Carl Frode Tiller fekk Brageprisen, Sultprisen og Kritikarprisen for “Innsirkling 1”.
Lån som lydbok her
Et sted på Nordvestlandet sitter 15 år gamle Anna og venter på at noe skal skje. Det er sommer, og hjemme er alle opptatt av et stort oppussingsprosjekt. Anna tar sykkelen fatt – til venninnen Elin, til kaia hvor hun bader, til bestemorens hus og til sommergjesten Karl i det røde huset, han som ser på henne slik ingen har sett på henne tidligere. Vi følger Anna gjennom slumrende sommerdager, en ung jente med en dirrende lengsel.
Forfattaren Rolf Sagen kjøper ein båt og legg ut på ei ferd mot Oslo saman med den tidlegare sjømannen Artur. Dei reiser gjennom kjende og ukjende landskap mot eit nytt liv i hovudstaden. Rolf Sagen har skrive denne lyriske romanen med utgangspunkt i ei loggbok frå sommaren 1970. Den aldrande forfattaren møter her seg sjølv i ei yngre utgåve.
Gjøa er 18 år og forlet ein heim reven i to av skilsmisse. No skal ho jobbe ein sommarsesong ved ei turisthytte på Fægrane, som ligg inst i ein fjelldal på Nordvestlandet. Hytta er driven av Olaug og Gunnar Færgrane, og drifta er prega av den skeive arbeidsdelinga mellom Olaug og Gunnar, som berre gjer det han må. Parets son, den halvhjarta studenten Ingebrigt, kjem òg heim for sommaren. Gjøa og Ingebrigt utviklar ei fortrulegheit som gir Gjøa eit motstykke til det urolege heimelivet.
Denne romanen følgjer tolv år gamle Eli, frå sommaren til punktet der hausten er i ferd med å bli vinter. Desse månadene erfarer Eli ei stadig djupare forståing av røynda, av verda og tida gjennom dei nære relasjonane hennar, og særleg den ho har til faren. Medan årstidene skiftar, blir Eli merksam på kor skjøre og umerkelege grensene i livet kan vere mellom det som finst, og det som ikkje lenger har ein plass i verda.
Oslogryta er på kokepunktet og vinden er fråverande. Pianostemmaren Henry Moan er godt vaksen og har budd i den same bygården i Thereses gate heile livet. Men så døyr sjefen, og Henry innser at ein livslang draum om å flytte til Salzburg er innan rekkjevidde. Han skal berre avvikle pianobutikken, besøke den gamle mor si, få greie på kva som eigentleg skjedde med Slampen, ta seg av undulaten Louis, bli sjukmeld, unngå å bli forelska, bli friskmeld, spreie sjefen si aske utover Oslo, halde avtala med Konserthuset varm, nippe til ein whisky av beste sort, bli klok på frøken Sanner og ikkje minst få seg ei god natts søvn først.
Vi følger ekteparet Ingrid og Peter gjennom en dag. Det er årets aller første varme sommerdag. De våkner sammen, men dagen fører dem hver til sitt. Ingrid er på vei til jobb, men når aldri dit. Peter går langs stier han kjenner godt, men som likevel føles annerledes. Hele tiden dukker bruddstykker av fortiden opp i dem begge og blander seg med inntrykkene fra dagen her og nå. Romanen er en fortelling om oppbrudd og om å starte på nytt, og om de øyeblikkene i tilværelsen som døyver følelsen av å være alene.

“Anoreksi omskapt til lødig, til imponerande, litteratur … viss ein vil sjå anoreksi skildra og omgjort til skjønnlitteratur av det finare slaget, er Marianne Clementine Håheims (1987, debut 2012) førsteroman Svart belte boka å gå til. Ho er like imponerande som skjønnlitteratur som epikrise … eit kunstverk om uboteleg einsemd og sorg, der det alltid finst endå eitt hol i utsveltingas «svarte belte»”
(Jan Askelund, Stavanger Aftenblad)

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close