Klikk på lenka under bilete for å sjå om boka er inne hjå oss, der kan du også bestille ho dersom du vil det.

15 år gamle John likar å kle seg i jenteklede, og når han sjekkar leksikonet, får han veta at han på grunn av det er eit sjukt menneske. Han veks opp i ei tid då alt er mogleg, men opplever sjølv einsemd fordi han er annleis. John sitt kompliserte liv blir skildra med både humor og varme, og kanskje er noko av bodskapen at iallfall litt einsemd ikkje treng å vera so farleg? Boka har eit enkelt og likefram språk, og kan passe for både vaksne lesarar og for ungdom.
Bestill boka

Korleis kan ein mann godta ein steson som har fienden til far? Isa er resultat av ei valdtekt, og har på grunn av sitt opphav eit vanskeleg forhold til stefaren. Halvbroren derimot, er ein representant for den nye tida og beskyttar Isa mot både faren og andre. Handlinga i forteljinga er lagt til ein dag med tømmerhogst i Kosovo etter at krigen er over. Det er ei kort, men handlingsmetta forteljing om korleis eit folk går vidare etter ein opprivande borgarkrig.
Bestill boka

“Akkurat den dagen Liv skal gjere ende på sitt 19-år lange liv, ringjer det på hyttedøra, og ei dame legg på henne ansvaret for å skysse gamle Irma til butikken, for no reiser ho sjølv til byen og då er Liv den nærmaste med bil. Det nyttar ikkje å setje overdose når ein veit at det er tomt i kjøleskåpet til ein nabo som ikkje har bil, og den tyskfødde Irma får sin nødvendige tur på Kiwi. Slik startar eit merkeleg forhold mellom den over 80 år gamle Irma og den suicidale Liv. Begge lever i si eiga verd, og begge er uvanleg dårlege til å lytte.” (Kjelde: https://www.nrk.no/kultur/en-bla-kjole-fra-herr-hitler-1.8343853, Marta Norheim)
Bestill boka

Søskena Angela og Richard er godt vaksne, og har ikkje hatt kontakt på lenge. Men etter at mora døyr, inviterer Richard Angela og familien til å feriere saman med hans nye familie i eit gammalt slott på den engelske landsbygda. Ho takkar motvillig ja, og me får ta del i små og store drama frå denne ferien. Dette er ei lettlesen forteljing med godt driv og gjenkjennelege situasjonar, og det er lov å håpe at dei dramatiske oppreinskingane kan skapa grobotn for ein ny start for familien…
Bestill boka

Her har du sjansen til å lesa ein legeroman, om enn kanskje litt annleis enn den tradisjonelle legeromanen. Handlinga går føre seg på nevrokirurgisk avdeling der kniving mellom kirurgar er tema. Det er nemleg tre kirurgar som ønskjer seg fast stilling, men dei opprinneleg tre stillingane blir dessverre redusert. Kor langt er dei då villige til å gå for å få jobben? Forfattaren er sjølv spesialist i nevrokirurgi og slik sett godt kjent i legemiljøet, men ikkje dermed sagt med intrigane i denne forteljinga…
Bestill boka

Elin kjem attende til barndomsheimen for å rydde opp og selja etter at mora er død. Som barn opplevde ho å miste faren og to brør i eit ras, brørne vart funne, men ikkje faren. No fører oppryddinga hennar til spørsmål rundt det heile; kva var det eigentleg som skjedde med faren? Kor mykje av livet deira var ekte, og kor mykje var fasade? Elin møter også igjen Ola, han som ein gong var ein slags ungdomskjærast. Til saman blir dette ei medrivande forteljing om barnet Elin og hennar liv, og den vaksne motejournalisten Elin sitt liv.
Bestill boka

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close