KOMMUNEØKONOMI FOR DUMMIES

Kom og la deg inspirere og engasjere av kunnskapsrike Bjarne Jensen – økonomiprofessor og tidlegare rådmann i Bergen og Kristiansand. Her finnest ingen dumme spørsmål, her finnest berre gode svar….

Hemsedal bibliotek,
torsdag 14. november,
kl. 19.00 – 21.30

* Har Hemsedal kommune stram økonomi? Kvifor?
* Brukar vi pengane vi har på best mogeleg måte?
* Kva er ein god raudgrøn økonomi i ein økonomisk pressa kommune?
* Kan du ingenting om kommuneøkonomi, seier du?
* Har du lyst til å lære litt, kanskje?

Bjarne Jensen er professor i økonomi (forvaltingsøkonomi) ved Høgskulen i Hedmark. Forskinga hans er konsentrert om offentleg økonomi, finansiering, styring og organisering – særleg knytta til kommune- og helsesektoren og forholdet mellom eigenregi og bruk av marknadsstyring.

Dette informasjons- og diskusjonsmøtet passar både for politikarar og alle andre som er interesserte i Hemsedal si utvikling! Jensen vil ta for seg dei økonomiske tala for Hemsedal kommune – både i eit langsiktig og eit kortsiktig perspektiv.

Gratis inngang. Kaff/te. Velkomen!
Arr: Hemsedal SV

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close