Øko-filosofisk bibliotek

Nils Faarlund har donert boksamlinga si på 5000 bøker til Stifelsen Norges Høgfjellsskole, og inntil vidare får vi forvalte delar av samlinga her. Stifelsen har fått innreie møterommet vårt, og det var vorte eit godt rom for ettertanke, med ei rikhaldig og variert boksamling, gode lenestolar og stilige møblar.

Ta deg ein tur innom, ta deg god tid, set deg i godstolen og nyt!
Samlinga er tilgjengeleg i biblioteket sine vanlege opningstider. Vil du ha tilgang utanom det? Ta kontakt med oss, så ordnar det seg!
Epost: hemsedal.bibliotek@hemsedal.kommune.no
Telefon: 31 40 89 50

Meir informasjon om Stifelsen Norges Høgfjellsskole og vidare planar for boksamlinga finn du her: https://www.norgeshogfjellskole.no/

Foto: Steinar Bleken

 

Foto: Steinar Bleken 

Foto: Steinar Bleken 


Øko-filosofien

“Vi erkjenner at natur og menneske utgjør en helhet og et skjebnefellesskap: Naturen er kulturens hjem. Livet handler om de forhold vi er vevet inn i: Alt liv er liv i avhengighet. Naturverd og menneskeverd er på det nærmeste forent: Det vi gjør mot naturen, gjør vi mot oss selv.”

Utdrag frå Stetind-erklæringa, som Nils Faarlund saman med Sigmund Kvaløy Setreng og Arne Næss skreiv i 1966.  Dei brakte nye, tyske tankar om økologi inn det som vart starten på norsk øko-filosofi.

 

 

 

 

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close