Dersom du vil sjekke om boka er ledig hjå oss, og/eller bestille ho, kan du klikke på lenka under omtala.

Korleis behandle stiklingar, delingar og avleggarar slik at du kan få fleire av ute- og inneplantene dine? I denne boka får du tips til formeiring av stoveplanter, balkongblomar, staudar i blomebed og grønnsaker i kjøkkenhagen, alt tilrettelagt for norske forhold.
Bestill boka

 

Malin har alt ein kan ønske seg, men er likevel ikkje lykkeleg. Dette gir ho uttrykk for på lappar som ho legg i bøkene frå bokbussen. Den ny-innflytta Erik finn ein slik lapp, og dei startar ei brevveksling. Kan ein finne den store kjærleiken ved hjelp av anonyme brevlappar?
Bestill boka

 

Lag mat frå botnen, oppfordrar Margit Dale, som er oppvaksen i Setesdalen. Ho oppfordrar også til å drive med jakt, fiske, sanking og plukking, og i denne boka finn du oppskrifter som er både tradisjonelle og fornya.
Bestill boka

 

Ved hjelp av eksempel frå livet og litteraturen, viser Sissel Gran i denne boka ulike sider ved begjæret. Korleis kan ein nærme seg det, og få ei forståing for at det er ein del av livet?
Bestill boka

 

Mannen kjent som Wilde, er eit mysterium; som barn vart han funnen med minnetap i ein skog. Tretti år seinare meiner TV-advokaten Hester Crimstein at Wilde med sine unike kunnskapar og evner kan hjelpe dei med å finne ei sakna jente.
Bestill boka

Tom Phillips er redaktør for faktasjekkorganisasjonen Full Fact, og i denne boka viser han korleis menneske til alle tider har vorte utsette for løgn og usanning. Men kan det endrast?
Bestill boka

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close