Øystein Morten: Norske øyegårder

Ein gong var det liv i alle låvane, alle fjøsa, og det var lys i vindauga på gardane. No er delar av denne kulturen i ferd med å bli borte. Restane etter det daglege slitet rotnar på rot. Sidan 1970 er over 115 000 gardsbruk i Noreg lagt ned, og mange er berre forlatne.

Øystein Morten prøver å forstå norgeshistoria gjennom å sjå kva som har skjedd med ni ulike gardar som no er i ferd med å forsvinne. Med seg har han hatt ein av Noregs beste fotografar, Pål Hermansen, som har teke fantastiske bilete. Resultatet er boka «Norske ødegårder – historien om stedene vi forlot.» Høyr Øystein Morten fortelje historia sjølv på Ål bibliotek.

Ål bibliotek
Onsdag 18. april kl.19.00
Gratis inngang – velkomen!

Norske ødegårder. Foto Pål Hermansen

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close