30. oktober blir Nordisk råds litteraturpris 2018 delt ut. Fire norske forfattarar er nominert, og i kategorien for barn og unge er det desse to:

Hans Petter Laberg: Ingenting blir som før
Dette er ein roman for ungdom, som handlar om 15 år gamle Markus og storebror hans, Victor. Storebroren driv med ulovlege ting, og ein lørdagskveld blir Markus med han på biltur for å levere varer. På denne turen går mykje veldig gale, men det er også den same helga Markus møter Sara.

Lån boka her: Ingenting blir som før

 

 


Torun Lian: Alice og alt du ikke vet og godt er det
Dette er fjerde boka om Alice Andersen, ei 8 år gammal, sjenert og lågmælt jente. Denne gongen er det sommar og ferie, og Alice fryktar at ho kanskje er forelska…

Lån boka her: Alice og alt du ikke vet og godt er det

 

 

Dei to nominerte forfattarane som skriv for vaksne, er:


Roskva Koritzinsky: Jeg har ennå ikke sett verden
I seks forteljingar blir me presentert for lett attkjennande situasjonar i familie, forhold og på skule og arbeidsplass. Sjølv om det er korte tekster, kan handlinga ta for seg lange livsløp samstundes som det meir detaljerte også trer fram. På denne måten får forfattaren fram kor nært samanvevd det fjerne og det nære kan vera.

Lån boka her: Jeg har ennå ikke sett verden

 

 


Carl Frode Tiller: Begynnelser
Boka startar med at miljøkonsulenten Terje ligg på sjukehus etter eit sjølvmordsforsøk. Derifrå blir Terje si historie fortalt baklengs, slik at etter kvar ny hending som blir beskrive, kjem neste hending frå ei tid enno lenger attende. Me får ta del i hans store kjærleik til alt i naturen, samstundes som me blir vitne til vanskane med å meistre relasjonane til sin nærmaste, og på denne måten får me eit lite innblikk i kvifor det gjekk som det gjekk.

Lån bok eller lydbok her: Begynnelser

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close