Mange barn og unge må no halde seg i ro innandørs, og dagane kan verta lange. Utfordringa blir då å finne aktivitetar som kan engasjere. Følg med på denne sida! Her kjem det gode tips, vi prøver å oppdatere sida så ofte vi kan.

 

 

Les bøker på telefon eller nettbrett!
Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play, logg inn med e-post og lånekortnummer og få tilgang til mange gode bøker. Om du treng hjelp, ta kontakt med biblioteket ditt: https://hallingdalsbiblioteka.no/1030-2/kontakt/
Vi er stort sett tilgjengelege på telefon på dagtid og svarar på e-postar så fort vi kan.

Ta ein kikk på nettsidene til Framtida junior og Aftenposten junior. Her finn du nyheiter tilrettelagt for barn, og gode tips til kva du kan finne på inne, f.eks. kviss, matlaging og ordleik i rutenett!
Kanskje kan du også sjølv bidra ved å sende inn gode tips til andre 🙂

 

Teiknekurs på nett: Lær å teikne karakterane i Detektivbyrå nr. 2. Via direktesending på Facebook-sida til Detektivbyrå nr.2 vil Hans Jørgen Sandnes vise korleis han teiknar karakterane Tiril, Oliver og Åtto i Detektivbyrå nr. 2. Neste kurs torsdag 19.mars kl. 13.00. Sendingane er også tilgjengelege i ettertid.

Leseskogen.no: Boktips for elevar på småtrinnet og høgtlesingshistorier.

Ida Jackson har skrive ei heilt ny Brillebjørn-bok: «Brillebjørn er hjemme fra barnehagen selv om han ikke er syk». Lydbok og bok som PDF-fil finn du her: Brillebjørn – bok og lydbok

 

Billedbokhylla.no: Elektroniske biletbøker frå Nasjonalbiblioteket.

Tunkatten Lurivar er Ivar Aasen-tunet si nettside for born med mellom anna forteljingar, lydbøker og ordleikar

Lesekroken.no: Eventyr og barnesongar på mange språk. Her treng du eit passord: lesekrok1

Salaby.no er Gyldendal sin nettstad med læringsressursar for både skule og barnehage. Så lenge skular og barnehagar er stengte, opnar dei opp for at alle kan bruke nettstaden gratis. Du treng ikkje bestille tilgang, men vaksne kan logge på med sin Feide-brukar. Spør vaksne heime om hjelp!

 

Tips frå Stavanger bibliotek – lag eit kult bokmerke! Sjå her: https://www.xn--slvberget-l8a.no/Soelvberget/Lag-et-kult-bokmerke

verdensbiblioteket.no finn du e-bøker og lydbøker på fleire av dei store minoritetsspråka i Noreg. Tenesten er gratis, men du må opprette eigen brukar og logge inn.

Barnehagestund  med Bjørnis og Rikard er laga som et tilbod til alle barn som ikkje kan gå i barnehagen pga. koronakrisen. Her vil Bjørnis lære bort nokre dansetrinn, det blir konkurranse om kven som er raskast til å ta på seg brannkonstabeluniform, og Rikard fortel litt om  nødnummer 1-1-0. Gå inn på denne facebooks-sida og følg lenka til YouTube.

 

Vil du spille Minecraft sammen med andre? Vi har satt opp felles servere med ulikt innhold. Her er hva du kan finne når du logger deg på:

  • Egen server med kreativ verden hvor det er mulig å lage hva som helst. Her er det planer om å få til en byggekonkurranse.
  • Egen server med overlevelsesverden med by (towny). Her kan du bli med i byen, eller til og med lage din egen by etter hvert.
  • Det kommer snart en egen server for bedrock, slik at de med Minecraft på windows 10, mobil og nettbrett også kan spille sammen.
    Følg denne lenken for pålogging og mer informasjon.

Norli Junior finner du gratis e-bøker, konkurranser, grøsser-skrivekurs med ekte forfatter og mye annen moro!

Forfatterskolens nye skrivekonkurranse har tema: «Isolasjon». Vi er nå inne i en rar og skremmende tid, og i slike tider kan vi heldigvis snu oss til teksten. Å skrive kan fungere som en god virkelighetsflukt. Vi inviterer dermed til skrivekonkurranse!

Karanteket har Nordland fylkeskommune samlet det meste av digitale ressurser som vi i biblioteknorge kan tilby deg i en karantenetilværelse. 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close