Har du lyst til å lære deg å teikne den japanske teikneserie-stilen manga? Bli med på teiknekurs på biblioteket i november, med instruktør Kristina Björn. Kurset går over tre laurdagar. Du kan vere med på alle, eller berre nokre av laurdagane.

Kurset er i utgangspunktet for dei mellom 13-21 år, men yngre deltakarar kan få vere med om det er ledig plass. Dei som er yngre enn 13 år vil få beskjed om dei har fått plass på kurset dagen etter påmeldingsfristen har gått ut.

 

PÅMELDING innan 10. november:
Om du vil vere med på kurset kan du melde deg på her: https://forms.gle/Wd9yoK66PY15jJRQ7 (Du treng ikkje å logge deg inn i Google for å melde deg på, berre oversjå det punktet i skjemaet).

Alt av teiknesaker får du på kurset, så du treng ikkje ta med deg noko. Men har du teiknesaker du likar å bruke, kan du sjølvsagt ta det med om du vil.

Kurset er gratis og sponsa av Bizzy.

 
 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close