Marie Takvam – diktar og mor

Marie Takvam (1936 – 2008) var ein av Noregs store lyrikarar. 25 år gammal debuterte ho med diktsamlinga «Dåp under sju stjerner», og det ho skreiv står fjellstøtt den dag i dag. Historia om Marie Takvam er ei historie om den sanselege lyrikaren, om stemma frå Barnetimen for de minste, om kunstnarbohemen på Theatercafeen og Club 7 og om den modige skodespelaren. Men det er også historia om ei mor og om ei kvinne som gjekk i hundane av alkoholisme og nervar.

Magnus Takvam (født 1952) er journalist og forfattar og kjent som politisk kommentator i NRK. I 2021 ga han ut den kritikarroste biografien «Hun skrev for å kunne leve. Min mor, Marie Takvam». Dette er eit bokprosjekt han har arbeidd med i fleire år, og på Ål bibliotek vil han fortelje om Marie og vise filmklipp der ho les dikt og blir intervjua.

Måndag 17. januar
Veslesalen kl. 19.00

Gratis inngang!
Påmelding til biblioteket@aal.kommune.no eller tlf. 32 08 51 20

«Ærlig og kjærlig morsportrett. Sønnen Magnus har skrevet en modig biografi.»
Inger Bentzrud, Dagbladet

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close