Innleiing til samtale: “Mi oppleving av det religiøse Hemsedal” v/Jan Rye Ravnestad. Han er journalist og fotograf med bakgrunn frå aviser og NRK, der siste arbeidsgjevar var livssynsredaksjonen i NRK. Han har vore helgependlar til Hemsedal i 25 år, og flytta hit i sommar.

Dialog. Ordet er fritt. Og det er også heilt greitt å berre lytte, om ein ønskjer det. Ordstyrar: Tori Snerte. Servering av kaffi og te.
Gratis inngang. Arr: Hemsedal Dialogforum – første utprøving.

Hemsedal bibliotek,
måndag 11. november,
kl. 20.00-22.00

Toleranse er viktig, nødvendig – og til tider svært vanskeleg. Initiativtakarane til Hemsedal Dialogforum tenkjer at vi her kan ta opp aktuelle og tidlause spørsmål – innan livssyn, etikk, kultur, politikk og filosofi. Samtalekveldane skal vera prega av openheit, tydelegheit og respekt for ulike synsmåtar. Målet er at vi skal kjenne oss oppfriska og opplyste når vi går kvar til vårt – anten vi har delteke i ordskiftet eller berre vore tilstades som lyttarar. Her er det ingen dørstokk, og alle slags meiningar er velkomne. Inviter gjerne dine vener til dette arrangementet.

Dersom det viser seg at fleire enn oss tre ønskjer seg eit slikt forum, kan vi kanskje utvikle det i lag i tida som kjem? Elles blir det med dette prøve-arrangementet, som vi håpar kan vera engasjerande for folk.

Gratis inngang. Arr: Hemsedal Dialogforum – første utprøving.
Helsing initiativtakarane: Sønnev Skrede, Jan Rye Ravnestad og Tori Snerte

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close