Lesestart

Svaret er sjiraff

Sjiraffen er eit fascinerande dyr. Dei likar ikkje å bli våte, er livredde for torever og tunga er like lang som armen din! I denne boka finn du bilete av og fakta om desse fantastiske dyra med den lange halsen.

I bokserien «Løveunge» er det berre ein setning på kvar side, og dei passar difor godt til dei aller ferskaste lesarane. Nokre av bøkene har berre store bokstavar, andre har både små og store.

 

 

 

Stians far får GPS

Far til Stian har fått seg GPS som han skal teste ut. Frå no av skal dei aldri køyre seg vill, meiner han. Så han plottar inn ein stad på GPS-en og dei køyrer av garde. Men Stian er litt usikker på om dette verkeleg er rette vegen…

«Min første leseløve» er ein serie bøker med korte setningar og få ord på kvar linje, og passar godt til dei som er i ferd med å lære seg å lesa.

 

 

 

 

Lesehunden

Det flyttar inn ein hund i blokka der Axel og Omar bur. Trixi er kjempesnill, og har tidlegare vore politihund. Med Trixi ved sidan av seg går leksene unna i ein fei!

I serien «Ekstra lett å lese» er det fine forteljingar med korte setningar og enkle ord i store bokstavar.

 

 

 

 

 

Kanin-forteljinga

Kanin har eit problem, huset hans er for lite! Han veit ikkje kva han skal gjera, men kanskje Ugle kan hjelpe?

«Leseland» er ein bokserie som passar for barn som lærer seg å lesa. Det er gode historier med korte, enkle setningar og mange fine illustrasjonar.

 

 

 

 

 

Eline får besøk

Eline har fått sin eigen iPad, og vil helst spela på den heile tida. Ein dag har ho med seg den nye og populære guten i klassen, Markus, heim. Dei endar opp med å krangle om iPaden, som ramlar i golvet…

Bøkene i serien «Lesehesten» har enkle historier med korte setningar og fargerike illustrasjonar.

 

 

 

 

Nora faller

Nora og Iben kastar ball, men så hamnar ballen på taket. Korleis i all verda skal dei få han ned?

Bokserien «Lesesel» har korte historier med ei setning på kvar side, og passar for dei som er i ferd med å knekke lesekoden.

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close