Les bøker i sommar og vinn fine premiar!

Er du mellom 13 og 20 år? Bur du i Hemsedal, Nesbyen eller Gol? Då kan du bli med på Leseferie, biblioteka sin eigen lesekampanje.
Les det DU har mest lyst til og bli med i trekkinga av fine premiar!

Slik fungerer det:
Me har oppretta ein konto på Instagram: Leseferie
Følg denne kontoen for å få gode boktips i heile sommar.

Kvar månad vil me trekkje ein premie:

  • 1. juli vil me trekkje premie blant alle som følgjer oss på Instagram. Premie: Ei korg full av snacks og godteri.
  • 1. august vil me trekkje blant dei som har meldt inn at dei har lese ei bok i juli månad. Premie: Gåvekort på ei oppleving.
  • 1. september vil me trekkje blant dei som har meldt inn at dei har lese ei eller fleire bøker i august månad. Premie: Gåvekort på ein spisestad i kommunen der du bur.

Korleis melde inn at du har lese ei bok:
Ta bilete av boka, skriv terningkast og send til oss på direktemelding på Instagram eller e-post: hemsedal.bibliotek@hemsedal.kommune.no
Hugs å skrive namnet ditt og kva kommune du bur i. Ei bok = eit lodd i premietrekkinga, så jo fleire bøker du les, jo større sjans har du til å vinne! Du kan lese vanlege bøker og e-bøker, eller høyre lydbøker om du vil.

God leseferie!

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close