Vinteren er ei fin tid for lesing, og den beste inspirasjonen får me kanskje frå andre som likar å lese. Me fortset derfor suksessen frå i fjor med å invitere lokale folk til å dele nokon av sine gode leseopplevingar.
Kva gjer at ei bok fengjer? Bergljot Kaslegard har invitert Gunhild Sverresdatter Jensen, Tone Merete Tho og Ketil Olav Tveit til samtale om bøker dei har likt.
Arrangementet er ein del av biblioteket sin Vinterles-kampanje, som varar frå 10. januar til 10. april. Bli med på bokbingoen i denne perioden, og du kan vinne ei korg med godsaker frå Tid kafé & landhandel til verdi av kr. 1000,-!
Veslesalen i Ål kulturhus, laurdag 13. februar kl. 15.
Gratis inngang.
Påmelding til: biblioteket@aal.kommune.no eller tlf. 32 08 51 20.
Det blir også mogeleg å registrere seg i døra.
Velkomen!