Sveinung Hansen, Solveig Vestenfor og Marit Sehl kjem ikkje berre for dele sine eigne bokanbefalingar. Dei vil også forsøkje å sette fingeren på kvifor visse bøker fylgjer oss lenge etter den siste sida.

Mange av oss les gjerne bøker me høyrer om på radio eller les om i aviser. Men ikkje minst les me bøker me har fått anbefalt av vener og kjende. Med kampanjen #leslikogdel vil biblioteket oppmode alle i Ål som les bøker til å dele dei gode leseopplevingane. Det er mange måtar å dele på, anten med vener, med biblioteket eller i sosiale medium med emneknaggen #leslikogdel

Ål sin eigen forfattar, Bergljot Kaslegard, vil leie samtala med kveldens tre gjester. Etterpå inviterer biblioteket publikum til å ta seg tid til litt mat og prat og til å plukke opp endå fleire lesetips av kvarandre.

 

Operasongar Marit Sehl

Operasongar Marit Sehl

Prost Sveinung Hansen

Prost Sveinung Hansen

Ordførar Solveig Vestenfor

Ordførar Solveig Vestenfor

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close