Frå Sunnydale til Spiral Jetty  – om kunst i naturen

Erlend Hammer (1978), som er kunsthistorikar og jobbar som kurator ved Haugar kunstmuseum, er i august innvilga opphald på Leveld kunstnartun. Hammer har lenge vore spesielt oppteken av «land art» eller «stadkunst».

«Land art» er ei kunstform som oppsto i USA på slutten av 1960-åra, der kunstnaren arbeider i – og med – naturen. Dei klassiske land art-arbeida i den amerikanske ørkenen har sidan 1970-talet stått der som mål for ei lita, men veksande, gruppe publikum som tek seg tid og råd til ei eller to vekers rundtur i villmarka. I dette foredraget viser Hammer bilete og reflekterer rundt tydinga av denne storslagne kunsten og det som liknar på pilegrimsferder ut i ørkenen for å oppleve han.

Velkomen til eit foredrag om land art, der Hammer også er innom Buffy the Vampire Slayer, den tyske technoklubben Berghain, kaninar og korleis han ein gong redda ein flokk med kattungar i ørkenen på grensa mellom Utah og Nevada.

Arr.: Leveld kunstnartun og Ål bibliotek

Måndag 6. sept. kl. 19.00
Gratis inngang

Påmelding til: biblioteket@aal.kommune.no eller tlf. 32 08 51 20

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close