Kreativ verkstad: sigøynarmusikk og sjonglering

Sigøynarar, eller rom som ein gjerne seier i dag, har ein stolt musikktradisjon der identitet og sjølvkjensle dominerer i uttrykket. Å våge å lage lyd saman med andre og utforske stemma i song og musikk er frigjerande og gir glede! På verkstaden er alle med på å lære strofer i ein sigøynarsong.

I den andre delen av verkstaden lærer ein å meistre enkel sjonglering med sjal, poi, flowersticks og tallerkenar. Det er morosamt å sjonglere, og ikkje fullt så vanskeleg som ein skulle tru!

Den kreative verkstaden blir halden av songaren Karin Destainville Dammen og sjongløren og nysirkusartisten Darina Cizkova. Arrangementet er blitt til i samarbeid med prosjektet Det utvidede Europa (DUE). Verkstaden varar i til saman 90 minutt og passar for born frå fem år og oppover.

Gratis inngang! Frå 5 år.

Påmelding med namn, telefonnummer og alder til:  biblioteket@aal.kommune.no
Meld i frå om du vil vere med på berre ein av delane i verkstaden.

Ål bibliotek, kl. 15.00 – 16.30

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close