Foredrag med reiselivsekspert og globetrotter Arild Molstad.
Hemsedal bibliotek, torsdag 7. januar kl. 18.00

Arild Molstad vil denne kvelden ta ein titt i den globale krystallkula for sjå kva som ventar det norske reiselivet etter koronaen.
Reiselivet står ovanfor fleire utfordringar både på kort og lang sikt: Klimaendringar, større sesongvariasjonar, tap av naturkapital, ei globalisering som viskar ut lokale særpreg. Klarar Noreg å unngå skjebnen som heimsøker så mange av dei finaste reisemåla i verda? Mistar vi fokus på berekraft i kampen for å overleve? Koronakrisa tvinger fram nye løysingar der styresmakter og næringsliv må vere på same banehalvdel.
Arild Molstad er ein av dei mest bereiste skribentane i Noreg og har skrive for nasjonale og internasjonale media. Han har også vore rådgjevar for Unescos verdsarvkontor, National Geographic Society og Innovasjon Noreg, samt vore engasjert for Norfund og Utanriksdepartementet i Asia og Afrika.
OBS! På grunn av smittevern er det påmelding til dette arrangementet. Send ein e-post til hemsedal.bibliotek@hemsedal.kommune.no eller gi oss beskjed via messenger. Arrangementet er gratis.
Arrangementet er ein del av prosjektet “Pengane og livet – i reiselivsbygda Hemsedal” og er økonomisk støtta av Fritt Ord.