Uansett om ein gruar eller gler seg til å begynne i barnehage eller på skule, kan det vera greit å førebu seg på det som ventar. Nedanfor har me samla nokre av våre mange fine bøker om emnet barnehage- og skulestart, og du kan bestille dei via nettsida, e-post, telefon eller stikke innom biblioteket. Dersom boka ikkje er tilgjengeleg hjå oss, bestiller me ho inn til deg.

 

Kva skjer eigentleg i løpet av ein dag i barnehagen? I denne boka får du svar på nettopp det, om det meste av hendingar frå levering og til henting. Her er det fine bilete og litt tekst, og boka passar ypparleg til å sjå, peike og lesa om alt det spennande, og vanlege, som skjer.

I morgon skal Karsten begynne i barnehagen, og han gruar seg. Faktisk så mykje at han ikkje får sove…

 

Det er mykje som er nytt, og litt nifst, første dag i barnehagen. Petra vil heller teikne enn å leike med dei andre, og då kjem det ein gut og set seg ved same bordet. Han vil også teikne, og dei vil ha dei same fargene… Men guten let Petra få farga ho treng, og det viser seg at guten heiter Karsten…

Mathilde gler seg veldig til å begynne i barnehagen og få nye vener, men mamma og pappa er redd ho skal sakne dei… Så dei vinkar og vinkar til henne, heilt til Mathilde foreslår at dei kan vinke til kvarandre, så kan ho gå og leike med dei andre barna…

I denne biletboka får me vera med og sjå kva Brillebjørn gjer ein heil dag i barnehagen. Dei leikar, går tur, et og går på potte, alt det som ein heilt vanleg dag i barnehagen består av. 

Fredrik skal begynne i barnehagen, han er veldig spent og gruar seg litt. Men i barnehagen blir han kjent med Ola, og dei gjer mange ting saman; målar bilete, leikar med bilar, syklar og et mat. Dagen går veldig fort, plutseleg er han over og Fredrik gler seg alt til neste dag.

Mamma alv og pappa vampyr vil at Isadora skal begynne på enten alveskule eller vampyrskule. Men Isadora er ueinig, for kvifor skal ho gå på spesialskule sjølv om ho er halvt alv og halvt vampyr når alle på den vanlege skulen også er forskjellige?

Dette er ei bok som er fin å bruke til høgtlesing i tida før skulestart. Me følgjer eit knippe dyr som nettopp har begynt i første klasse, og her er det både muntre forteljingar og gode tips og råd til dei vaksne. 

De tre bukkene Bruse har fått et brev om at de må begynne på skolen. Den minste av de tre brødrene Bruse lurer på hvorfor de må det. Den største av bukkene svarer at det er noe alle må gjøre nå for tida. De blir enige om å prøve det for ei uke eller to. Men skolen har fått ny rektor, og det er ikke hvem som helst. Dette er en moderne og humoristisk fortelling i ord og bilder, med en ny vri av et kjent eventyr. Billedbok for førskolebarn/småskoletrinnet.
(Omtalen er utarbeidet av BS)

Isak sitter hjemme på senga kvelden før han skal begynne på skolen. Det kiler i magen. Å begynne på skolen er både spennende, gøy og skummelt. Tenk å skulle både lære seg å lese, regne og bli kjent med de andre i klassen! Alle som skal begynne i klassen lurer også på hvordan det skal bli, og alle er spente. Heldigvis gjør klassen mye gøy sammen, og læreren er snill. Fortellingen følger en gruppe barn gjennom hele førsteklasse og man blir kjent med fagene og skolehverdagen.
(Omtalen er utarbeidet av BS)

Dette er eit oppslagsverk for foreldre med barn som skal begynne på skulen. Her finn du informasjon om det meste som skjer i eit klasserom, kva du kan forvente av læraren, kva som blir forventa av deg som forelder og korleis du kan hjelpe med leksene. Forfattaren er sjølv pedagog med lang erfaring.

I denne boka tar Anne Fiske for seg den store og viktige begivenheten i barnas liv – å begynne på skolen. Mye skal mestres, og spørsmålene er mange, både om det sosiale, det praktiske og det følelsesmessige. Hva som skal være med i sekken, hva som skjer i friminuttene og hvor lenge man må sitte stille er noen av dem. Dette er en fortelling på barnas premisser.
(Omtalen er utarbeidet av BS)

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close