Teiknaren, forfattaren, filmskaparen og humoristen Kjell Aukrust (1920 – 2002) har vore elska av fleire generasjonar nordmenn. Solan, Ludvig og Reodor Felgen har vorte ein del av folkesjela. Men kor godt kjenner me mannen som skapte dei?
Sigmund Løvåsen ga i 2020 ut «Kjell Aukrust. En biografi», der han skriv om Aukrust sitt liv med både humor og djupt alvor. Løvåsen er invitert til Ål bibliotek for å presentere Aukrust-biografien sin og til ei samtale om biografien som sjanger.
Arrangementet er ein del av biblioteket sin Vinterles-kampanje, som varar frå 10. januar til 10. april.
Sigmund Løvåsen går varsomt og stilsikkert bakom det bildet kunstneren og mediepersonligheten Kjell Aukrust ønsket å gi av seg selv.
Astrid Fosvold, Vårt Land
Opptil flere av de beste setningene skrevet i norsk sakprosa i 2020, finner du i «Kjell Aukrust. En biografi».
Knut Hoem, NRK
Onsdag 27. januar kl. 1900. Arrangementet er i SPRANG (nedre foaje, Ål kulturhus).
Gratis inngang.
Påmelding til: biblioteket@aal.kommune.no eller tlf. 32 08 51 20.
På grunn av nasjonale smittevernreglar er det dessverre berre innbyggjarar i Ål kommune som kan kome på dette arrangementet.

Sigmund Løvåsen