
Anti-Pode dukkar opp på mystisk vis og tek Pode (6 år) sin plass i familien på fjellhytta der dei skal feire jul. Kva skal han gjere? Nynorsk.

Juletida byr på overraskingar for det forelska flugeparet Frida og Frez. Skrekkfluge-peparkaker? Eit grantre midt i stua? Så tek flugene på seg to bittesmå nisseluer og blir med på julegudsteneste i kyrkja…

Bakgrunnshistorie til årets julekalender frå NRK, om stjernebarnet Elly som blir kjent med stjernekreftene sine.

Bakgrunnshistorie frå teikneserien Nordlys, der Sonja får føllet Stjerna i julegåve. Julehefte frå 2018.

Ei magisk historie om William som dreg ut på eventyr med den siste dinosauren på jorda: Julosaurusen.
Bok nr. 2, Julosaurusen og vinterheksa, kjem ut i 2020.

Dei som folk flest ikkje trur er noko, dei kan gjere noko stort! For eksempel hjelpe julenissen, eller bli han sjølv. Disney møter Dickens.

Herr Thrane har kjøpt rettane til heile julefeiringa. Doktor Proktor, Bulle og Lise prøver å få hjelp hjå ein Julenisse som slett ikkje er ein koseleg, bestefaraktig type. Sprø humor som også vaksne kan le av.

Kan Reodor Felgen lage snø til Flåklypa til jul? Det vil lokalavisa Flåklypa Tidende veldig gjerne, dei har nemleg lova folk snø.

Dina og Damian er naboar. Juleftan skal dei vere med i julespel i kvar si kyrkje. Dina gler seg, men kvifor er det så mørkt og stille i huset? Boka skildrar juleførebuing og julefeiring i Noreg. Faktaserien «Fest og feiring».

Harry vil trylle fram jul i april. Sprøtt, og ikkje så lite skummelt. Særleg når skurken Kameleonen kjem. Som vanleg må blyge Ivar rydde opp. Nynorsk.

Fakta om juleaktive monster og trollskapnader frå folketrua.

Fem sysken bur med foreldra i ei leiligheit i New York. Like før jul får dei vite at familien må flytte, og ungane må smiske med den sure utleigaren. Det er ikkje lett!

Pingla Greg skal feire jul på ferietur med familien. Det skal bli ei mindre stressande jul enn vanleg. Trur dei!

Benny (11 år) elskar jula. Men berre den jula som alltid har vore: snø, julebakst, pynt, julemusikk. No vil foreldra feire jul i Syden! Og dei skal dit saman med kjekkasen Ken og foreldra hans…

2. verdskrigen går mot slutten. Fred lengtar etter at pappa skal komme heim, og så er han forelska i Elsa. Sjølv om ho ikkje er så pen og pratar i nasen.

Snart jul, men julestemninga har drukna under fleire tonn med snø. Gunn prøver å klare seg utan Niklas. Jens prøver å bli forelska i Vegard. Edor har stukke til Brighton og prøver å gløyme alt.

Det er juleftan, og eit uvêr dekkjer Gracetown med store mengder snø. Kaoset er eit faktum. Ein tapper sjel våger seg ut i uvêret frå det stranda toget, og set i gang ein rad med hendingar som vil endre mange liv.
Film i 2019.

Like før jul vert Sophie dumpa av kjærasten sin, om må tilbringe jula utan han. Bestemora har vondt av Sophie, og foreslår at dei ti neste dagane skal kvar av slektningane arrangere ein blind date for Sophie. Ti heseblesande dagar fylgjer!