Arisa Dizdarevic vart fødd med «grøn skjorte». I heimlandet Bosnia Hercegovina sa dei at då var du eit heldig barn. For Arisa stemte ikkje det heilt. Då ho var åtte år slutta ho å vekse, og måtte venne seg til tanken på at ho kanskje aldri ville få eit liv som alle andre. I 1991 braut borgarkrigen ut, og som sekstenåring måtte Arisa flykte saman med familien sin. På seinsommaren 1993 enda flukta i Hemsedal. I Hemsedal fekk Arisa tryggleiken tilbake, og ho fekk hjelp til å vekse både på den eine og den andre måten. No kunne ho drøyme om eit heilt vanleg liv likevel.

Møt Arisa Dizdarevic Plecan i samtale med Heidi Auensen, som har skrive romanen som er bygd på livet til Arisa.
Saman med Arisa og Heidi kjem vokalist Siv Olsen og gitarist Trygve Haugen, som sørgjer for musikalsk fylgje til heile samtala.

Hemsedal bibliotek,
torsdag 13. februar kl. 19.00

Velkomen!
Gratis inngang.
Kaffe, te og twist.

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close