Gol stavkyrkje er ein sentral bygning på Norsk Folkemuseum. Etter å ha stått over 600 år øvst i Golreppen, ville golingane rive ho. Bygget vart redda av Foreningen til Norske Fortidsminnemerkers Bevaring, som rundt 1880 kjøpte kyrkja for 400 kroner og skjenka ho til Oscar IIs Samling på Bygdøy Kongsgård.

Men korleis såg kyrkja ut då ho vart riven? Korleis kunne ho ha sett ut tidlegare? Kva for vurderingar vart gjort ved oppattføringa på Bygdøy? Kva kan utsmykking og inventar fortelje om bruken av kyrkja medan ho stod i Gol?

Dette og mykje anna vil arkitekt Mogens With frå bygningsantikvarisk seksjon ved Norsk folkemuseum saman med historikar og konservator Monica Mørch fortelje om på Gol bibliotek onsdag 13. november kl. 19.

Arrangør er Gol historielag i samarbeid med Gol bibliotek.

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close