Kjelde: Hallingdølens Haustmagasin 2016

Torsdag 24. november kl. 19 inviterer me igjen til historiekveld i biblioteket. Denne gongen får me besøk av Ane Bøhn Lilleslett, og ho skal fortelja om kvinners livsløp i Gol på slutten av 1800-talet. Lilleslett har skrive masteroppgåve om 60 jenter fødd i 1874 og 1875 i Gol, om korleis desse kvinnene kunne skaffe seg eit utkomme og eit godt liv ut ifrå sine føresetnader på den tida. Og kanskje får du høyre om ei av dine formødre i løpet av kvelden…. 🙂

Arrangementet er eit samarbeid mellom Gol historielag og Gol bibliotek, det er gratis inngang og enkel bevertning. Velkomen!

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close