Gol Historielag arrangerer historiekveld på Gol bibliotek tysdag 9. mai. Denne gongen fokuserer me på kva mynt og sedlar kan fortelje. Det er ei historie om kven, kvifor og når ein starta med pengevesenet i Norge. Men også kvar einskild mynt eller seddel har ei spesiell historie. Om me kjenner kvar einskild av dei så har me solid og brei historisk kunnskap innan mange område. Nemnast kan kultur og kunst, historie, økonomi osb.

Numismatikk er framandordet for læra om mynter, pengesedler og medaljer. Pengane si historie strekker seg over tusenvis av år. Behovet for pengar ser ut til å ha starta samstundes som handel mellom kulturar oppsto. Mesopotamia og Babylon er kjende stadar i så måte.  Me kjem så vidt innom dette.

Guttorm Frøysok er ein framifrå forelesar: Engasjert med djup og brei kunnskap om emnet. Han kan historia til mynt og sedlar frå Olav Trygvasson til våre dagar. Ein ihuga samlar som også kan fortelje om måtar å samle på, myntkvalitet, opplag, verdifastsetting og mykji meir. Me er svært takksam for å ha ein lokal kapasitet som kan leie oss gjennom emnet.

Det blir avsett litt tid til vurdering. Så om du har spørsmål om seddel og mynt så ta dei med. Det blir enkel bevertning. Arrangement tek om lag 1 ½ time. Det er utan kostnad å delta. Møt opp for å auke historiekunnskapen din. Alle er velkomne.

Gudmund Brekko
Leiar i Gol Historielag

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close