Vil du låne bøker, blader, filmar eller lydbøker på biblioteket, men har du ikkje høve til å kome deg til biblioteket sjølv? Ein frivillig kan levere heim til deg!
Tilbodet er i samarbeid med Frivilligsentralen og er heilt gratis. Ta kontakt med Hemsedal bibliotek med dine ynskjer, så hjelper vi deg så godt vi kan!
Du kan bestille ved å ringe til biblioteket på telefon 31 40 89 50 eller sende ein epost til hemsedal.bibliotek@hemsedal.kommune.no