Velkomen til Gol bibliotek
Opningstider
Tysdag 12 – 19
Onsdag 10 – 19
Torsdag 12 – 19
Fredag 10 – 15
Laurdag 10 – 14
32029280 / 90287526
gol.bibliotek@gol.kommune.no
Åpningstider jula 2019
I jula har man gjerne god tid til å lese, så da er det viktig å ikke gå tom for lesestoff. Her er åpningstidene våre for jula!
Litterær adventskalender
Følg med på vår litterære adventskalender! Her vil me kvar dag fram til juleftan dele små litterære smakebitar om jul, vinter og venting, dikt og utdrag frå bøker for både barn, ungdom og vaksne. Kanskje finn du noko som freistar til vidare lesing? Me håpar i alle fall at du kan få eit lite litterært pusterom innimellom all juleførebuinga.
Julekalender-bøker
Her finn du eit utval av julekalender-bøkene som vi har i Hallingdalsbiblioteka. Alle desse bøkene har 24 kapittel som du kan lese for å telle ned til julaftan.
Open dag med Kodeklubben Gol
Laurdag 7. desember kl. 11-13 kjem Kodeklubben Gol på besøk til Gol bibliotek. Dei arbeider for at barn og unge skal bli gode til å beherske digitale verktøy, og denne dagen kan du få veta meir om det dei driv med, og kanskje sjølv få prøve deg på koding.
Ny app for e-bøker
Viktig melding til alle som les e-bøker på appen eBokBib! 16. desember bytter vi leverandør av e-bøker. Då går eBokBib ut, og vert erstatta av Bookbites.
#leslikogdel-arrangement på Gol bibliotek
Leseambassadørane våre presenterer favorittbøker på Gol bibliotek laurdag 23. november kl. 12.
Forfattarbesøk: Guro Hoftun
Guro Hoftun skal på turné til biblioteka i Hallingdal for å fortelje om den nye boka si, Eldreliv. Sjå her når ho kjem til ditt bibliotek!
Historisk kveld på Gol bibliotek
Onsdag 13. november kl. 19 kan du høyre arkitekt Mogens With frå bygningsantikvarisk seksjon ved Norsk folkemuseum og historikar og konservator Monica Mørch fortelje om Gol stavkyrkje si historie frå Golreppen og til Bygdøy kongsgård.
Lesekampanje for vaksne: #leslikogdel
Fredag 1. november startar kampanjen #leslikogdel. Gol bibliotek har invitert tre golingar til å vera lese-ambassadørar og dele sine beste leseopplevingar med andre. Bøkene som desse tre har anbefalt, kan du no sjå utstilt, og gjerne låne, på Gol bibliotek. Du kan også delta i kampanjen.
Og dersom du besøkjer oss i biblioteket, kan du mellom anna
∗ låne bøker, lydbøker, tidsskrift, filmar, musikk og dataspel
∗ låne inn t.d. pensumbøker frå andre bibliotek
∗ lese aviser, bruke leseplassar og kjøpe kaffe eller kakao
∗ bruke trådlaust nett eller ein av våre stasjonære pc’ar
∗ delta på arrangement; følg med på nettsidene og facebook
Her finn du oss: