Inntil vidare er det berre opent for låning og innlevering, innlevere kan du gjerne framleis gjera i innleveringskassa vår på utsida. Me har fått noko avstandsmerking i lokalet og pleksiglas i skranken, og må ha desse restriksjonane foreløpig:
– ikkje kom på besøk dersom du er i karantene eller sjuk
– bruk handsprit som står ved inngangen før du kjem inn
– hald minst ein meters avstand til andre i lokalet
– me prøver å ha maks 15 personar inne om gongen så det kan bli litt ventetid ute
– kom gjerne berre ein frå kvar familie, men barn i alder til og med 7. klasse må koma saman med ein føresett
– gjer besøket så kort som råd, helst maks 15 min.
– bruk gjerne automaten vår til å låne, hugs at du kan få fram lånekortet på mobilen

Me har litt reduserte opningstider, men vil fortsette med takeaway-bibliotek dei dagane det ikkje er opent. Du kan også bruke takeaway dei dagane me har opent.

Takeaway- og opningstidene våre no er slik:
Måndag  kl.  9-15: Takeaway
Tysdag   kl.   9-15:  Opent
Onsdag  kl.  12-18: Opent
Torsdag  kl.  9-15: Takeaway
Fredag    kl.  9-15:  Opent
Laurdag  kl. 10-14: Takeaway

Ring oss gjerne på tlf. 90287526 om det er noko du lurar på, og me er sjølvsagt klare til å hjelpe når du kjem også – hjarteleg velkomen innom oss att! 🙂

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close