Er det straffbart å sende nudes og kva gjer du når nokon du kjenner blir mobba? Ung.no er ei kvalitetssikra kjelde om kropp, skule, kjensler osb. med mellom anna ei eigen spørjeteneste med fagpersonar som svarar på spørsmål.

Mange val og mange spørsmål

Tida mellom 13 og 20 år er prega av endring og mange val. Dei unge blir sjølvstendige og gjer nye erfaringar om venskap, kjærleik og utvikling av eigen identitet. Informasjon er naudsynt for å ta informerte og riktige val for ein sjølv om til dømes å vere forbrukar, arbeidstakar eller om politisk ståstad.

På ung.no finst mellom anna ei spørjeteneste, der ein kan spørje ulike fagpersonar om råd, og sjekke tidlegare stilte spørsmål og svar. Her er og ein rekkje artiklar om ulike aktuelle tema

Ung.no er drive av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir). Utgangspunktet for innhaldet er FNs konvensjon om barnets rettigheter(pdf).

 

Helsesista

Heile Noregs «helsesista», Tale Maria Krohn Engvik, har fått fleire prisar for å snakke barn og unge si sak på ein open og direkte måte. Spesielt på Snapchat @Helsesista når ho ut til mange unge med råd og tips. Ho seier sjølv om sine stories at dei er «en dundrende miks av seriøs kunnskap, kreativ galskap, humor, kjærlighet og #happymoments. Jeg har mange hårete mål! En av dem er å knuse tabuer! … Et annet å øke den psykiske helsen til norsk ungdom» (frå Helsesista.no, Om Helsesista).

I år har ho vore særskild oppteken av korleis pandemien har hatt innverknad på mange sårbare unge, og aktivt formidla deira behov. Her kan du lese den sterke artikkelen: Mental Helse Ungdom om koronakrisa: – Verste konsekvensen er at folk ikkje orkar å leve (Framtida.no, 06.11.20)

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close