Velkomen til forfattarkveld med Helga Flatland!

Hemsedal bibliotek,
tysdag 5. mars, kl. 20.00

Helga Flatland er kjend for Bli hvis du kan-trilogien frå bygda som mistar tre unge gutar på oppdrag i Afghanistan. I romanane Vingebelastning og En moderne familie tek ho på ulikt vis pulsen på samtida og kretsar om menneskelege reaksjonar og relasjonar.
Helga Flatland har begeistra både kritikarar og lesarar. Ho er, med god grunn, spådd ei framtid som ei av de mest sentrale stemmene i samtidslitteraturen vår.

Får du ikkje med Helga Flatland i Hemsedal tysdag 5. mars kan du prøve eit av dei andre biblioteka i Hallingdal seinare i veka. Ho kjem til:
Geilo hovedbibliotek, onsdag 6. mars kl. 18.
Ål bibliotek, onsdag 6. mars kl. 20.
Gol bibliotek, torsdag 7. mars kl. 18.
Nes folkebibliotek, torsdag 7. mars kl. 20

Arrangementet er ein del av biblioteka i Hallingdal sin leseaksjon for vaksne, Vinterles. Kom innom biblioteket eller ta ein kikk på dette innlegget for meir informasjon om Vinterles.
Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket som ein del av Bokåret 2019.

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close