Guro Hoftun, opprinneleg frå Gol, kom i haust ut med boka Eldreliv – til deg som er i live. I boka deler ho sterke forteljingar om mange, lange liv og viser fram eit variert bilete av korleis det er å bli eldre i Noreg. Dette er ei bok både pårørande og eldre kan kjenne seg att i og som gjev inspirasjon, trøyst og innsikt. No skal ho på turné til biblioteka i Hallingdal, for å fortelje frå boka og om temaet eldreliv.

Geilo bibliotek, tysdag 19. november, kl. 18.00
Ål bibliotek, tysdag 19. november, kl. 20.00
Nes folkebibliotek, onsdag 20. november, kl. 18.00
Gol bibliotek, onsdag 20. november, kl. 20.00
Hemsedal bibliotek, torsdag 21. november, kl. 19.00

Gratis inngang.
Arrangementa er støtta av Nasjonalbiblioteket, i samband med Bokåret 2019.

 

 

 

 

 

 

 

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close