Erfaringar frå prosjektet Høgskulebiblioteket 622 moh

Bakgrunn for prosjektet

Hemsedal kommune øvst i Hallingdal har om lag 2400 innbyggjarar. Folkebiblioteket har gjennom fleire år opplevd ein auke av studentar som er busett i Hemsedal, deltidsstudentar og studentar som studerer nett- eller samlingsbasert. Frå Hemsedal er det over to timar til næraste høgskule. Gjennom prosjektet ønskte me å gi studentar i Hemsedal eit betre bibliotektilbod, og bidra til at Hemsedal er ein god stad å vere student. Vi søkte Nasjonalbiblioteket om utviklingsmidlar i 2017 og var så heldige å få tildelt 100.000,-

Mål for prosjektet

  • Auke kompetansen hjå personalet ved biblioteket slik at alle er i stand til å rettleie studentar.
  • Gjere Hemsedal bibliotek til den naturlige møteplassen for studentar i Hemsedal, og bidra til å skape eit aktivt studentmiljø i bygda.
  • Hemsedal bibliotek skal tilby kurs og opplæring til studentar i Hemsedal.
  • Hemsedal bibliotek skal bidra til livslang læring ved å vere ein støttespelar for studentar og dei som vurderer å starte på studiar.
  • Hemsedal bibliotek skal dele erfaringar om korleis små bibliotek kan skape eit godt tilbod til studentar.

Gjennomføring

Eit av måla i prosjektet var å gjere biblioteket til den naturlege møteplassen for studentar i Hemsedal. For å nå dette målet starta me tidleg i prosjektet opp ei studentgruppe på biblioteket. Biblioteket tok initiativ til dei første samlingane, men så styrte gruppa seg sjølv. Me oppretta også Facebook-sida «Student i Hemsedal». Der har me formidla relevant informasjon til studentane samstundes med at dei kunne kommunisere med kvarandre, t.d. for å avtale treff i biblioteket.

I løpet av prosjektperioden har me hatt følgande arrangement:

  • Studentkveld arrangert av biblioteket. Tema: Søking etter fagstoff i Oria og andre relevante nettstader. Oppstart av studiegruppe.
  • Kurs for studentar med Randi Benedikte Brodersen frå Søk og skriv, totalt fire kveldar.
    Tema: Akademisk skriving. Søking og kjeldevurdering. Referansar, litteraturliste og Endnote. Argumentasjon og retorikk i akademiske tekstar.
  • Kurs med Randi Benedikte Brodersen for bibliotektilsette, til saman 3 dagar.
    Tema: Dei same som på studentkursa, men med fokus på korleis me i biblioteka kan rettleie studentar innan desse temaa. Her var bibliotektilsette frå heile Buskerud samt Valdres invitert.
  • Kurs for studentar med Oddbjørn By. Tema: Hugseteknikkar til bruk ved studering og eksamen.
  • Kurs for studentar med Olav Schewe. Tema: Studieteknikk. Korleis gjere det bra på eksamen.

Erfaring og vegen vidare

Gjennom heile prosjektet har me fått mange tilbakemeldingar som tyda på at dette var noko som blei sett på som positivt i bygda. Trafikken frå studentar på biblioteket har auka, både av dei som vil ha hjelp av oss og dei som vil bruke biblioteket som studieplass.

Deltaking på arrangementa har likevel vore noko varierande. Nokre var svært godt besøkte medan andre hadde få deltakararar. Det er vanskeleg å konkludere om tema eller tidspunkt på året kan ha spelt inn her, men utifrå samtale med studentar verkar det som at mangel på tid har vore ein avgjerande faktor for mange. Dei fleste av studentane i Hemsedal er i jobb (ofte 100%) og svært mange av dei har i tillegg barn. Med dei forpliktingane det medfører var det mange som uttrykte at tida var for knapp til at dei rakk å vere med på arrangementa. Til samanlikning vil studentmassen ved høgskule- og universitetsbibliotek i større grad bestå av studentar som enno ikkje har like mange forpliktingar utanom studiane. Med den studentmassen me har er det difor ikkje arrangement og kurs som er det viktigaste å satse på vidare.

Studiegrupper og biblioteket som møteplass for studentar er noko me ønskjer å fortsatt ha fokus på etter at prosjektet er over. Arbeidet me har gjort gjennom prosjektet har ført til at fleire studentar som ikkje kjende kvarandre har møtst og dette har ein stor verdi. Hemsedal er ei bygd der det kjem stadig nye menneske som vel å bu her i kortare eller lengre tid. Å gi studentar moglegheit til å bli kjende med kvarandre er difor positivt både for den sosiale trivselen og den faglege læringa.

Me vil også halde fram med å rettleie studentar ein til ein. I løpet av prosjektet har me fått styrka kompetansen vår, slik at me er betre rusta til dette arbeidet. I tillegg har prosjektet synleggjort biblioteket som ein ressurs for studentar, slik at fleire har teke kontakt og spurt om hjelp.

For små bibliotek med ikkje så store stillingar er det mykje som skal gjerast i daglege. Sidan midlane frå Nasjonalbiblioteket ikkje har kunna brukast til lønn, har dette ført til at arbeidet med prosjektet både har gått utover andre viktige oppgåver, samt at vi i periodar jobba alt for mykje. Vi skulle gjerne ha gjort meir ut av prosjektet, men tida har ikkje strukke til.

Ta gjerne kontakt med oss om de vil vite meir om arbeidet vi har gjort og erfaringane våre.
hemsedal.bibliotek@hemsedal.kommune.no
Tlf. 31 40 89 50

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close