Dei fem bøkene i “Slåttekar-serien”, Jordmor på jorda, Slåttekar i himmelen, Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd har fått mange lesarar. Den neste boka i serien, Felemakaren og døtrene hans kjem ikkje før i september, men nedanfor finn du omtale av nokre av dei tidlegare bøkene til Edvard Hoem. Klikk på bilete dersom du vil bestille papirboka, nokre av bøkene har me også tilgjengeleg som lydbok. Klikk på eigen link under omtale av dei bøkene det gjeld for å bestille lydboka.

Med Kjærleikens ferjereiser vart Edvard Hoem kjent for eit stort publikum. Romanen kom ut for første gong i 1974 og vart innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. Romanen handlar om vanlege folks liv, utfordringar og kjærleik. Den omtanken folk har for kvarandre blir synlig når livet set dei på prøve. Fergereisene fører folk saman; dei unge serveringsdamene på rutebilkafeen, den gamle postopnaren, den opprørske ungguten og den fortvila lærerinna møtest i ei intens handling som går føre seg over tre korte dagar.
Lån som lydbok her

Det unge tyske ekteparet Theodor og Renate Ungermann kjem til Bergen tidleg i femtiåra. Han er engasjert for å undervise ved Frøken Dreyers private musikkskole, og ber på ein draum om å introdusera nymotens kunstmusikk i det nye landet. Men i Bergen møter han småborgarar som vil ha musikk som hygge i heimen, eit orkester som helst vil spele det klassiske repertoaret, og som ikkje vil sleppe til ein utlending som trur han veit betre enn dei.

Edmund Saknevik vender attende til odelsgarden på Vestlandet for å drive gardsdrift. Edmund vil ikkje fortelja kva som har skjedd i livet hans dei åra han har vore borte, heller ikkje til Siri som han etter kvart innleier eit forhold til. Siri slit også med fortida; ho er framleis gift med mannen som forsvann sporlaust for nokre år sidan.
Lån som lydbok her

Edvard Hoem skriv om det foreldra hans ikkje prata om, nemleg korleis dei trefte kvarandre i 1945, og kva det var som førte til at akkurat dei slo seg i lag. Faren var lekpredikant og mora var kokke på Fåberg pleieheim. Ho fekk ei dotter med ein tysk soldat i 1945, og ingen ville vel trudd at desse skulle bli eit par.
Lån som lydbok her

Middelalderforskaren Werner Holck sit på Universitetsbiblioteket for sjuande år på rad når han ein vårdag får sjå ei ung kvinne som kjem inn på lesesalen. Slik blir han òg merksam på ein av dei andre lesesalslitarane, presten Paul Winther, og til ein del av kjærleikshistoria mellom kvinna og presten. Romanen er ei frodig krønike med plass til refleksjonar om både teologiske og filosofiske spørsmål.

Skodespelaren Johannes Bergmann får sitt livs rolle. Han skal spela Jean i ei oppsetting av Strindbergs “Frøken Julie”. I prøvetida på teatret blir også Johannes sett på prøve. Fortid og nåtid blir knytte saman, han hamnar i ei eksistensiell krise og må ta eit oppgjer med seg sjølv. Kvifor kan han ikkje sjå seg sjølv i augene, og kva har han gjort mot Kristin som elskar han? Edvard Hoem vart innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris i 1984 for denne boka.
Lån som lydbok her

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close