Barn elskar å kle seg ut og kle seg opp, og det gjer drag-queens også! I Dronningtimen inntek dragartist Nabi Yeon Geisha trona og fortel historia “Stjerneild” som handlar om monster, magi og ein modig liten gut ved namn Tio, som ynskjer å hjelpe helten sin, juvelridderen Tamara.

Remi Johansen Hovda, alias Nabi Yeon Geisha, jobbar som dramapedagog og dragartist. Barn reagerer ikkje negativt på samanblanding av tradisjonelle kjønnsroller, seier Hovda. Alle barn har godt å av å bli eksponert for kjønnsuttrykk som går på tvers av det tradisjonelle. Det kan også gjere det lettare for foreldre å fortelje barnet sitt at det er OK å vere annleis på ein eller annan måte.

Velkomen til ei magisk stund i biblioteket!

Arrangementet er ein del av Bygdepride Ål og Skeive dagar på Ål kulturhus.

 

Påmelding til biblioteket@aal.kommune.no eller tlf. 32 08 51 20.

Tid: fredag 11. juni kl. 17 og kl. 18.

Gratis inngang!

 

Foto: Linn Sofie Olsen

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close