Biblioteka i Hallingdal er stengte, men fortvil ikkje! Her kjem ein oversikt over litt av alt det biblioteka og andre aktørar rundt om i Noreg kan tilby av digitale tenester. Vi oppdaterer sida fortløpande.

Les bøker på telefon eller nettbrett!
Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play, logg inn med e-post og lånekortnummer og få tilgang til mange gode bøker. Om du treng hjelp, ta kontakt med biblioteket ditt: https://hallingdalsbiblioteka.no/1030-2/kontakt/
Vi er stort sett tilgjengelege på telefon på dagtid og svarar på e-postar så fort vi kan.

I FilmBib kan du sjå kortfilmar og dokumentarfilmar, mest av nyare dato, men det er også eit utval eldre filmar der. Det vert stadig lagt til nye filmar i arkivet, så sjekk ofte for nye, interessante filmar! For å få tilgang til desse filmane må du ha eit nasjonalt lånekort og PIN-kode. Om du treng hjelp, ta kontakt med biblioteket ditt: https://hallingdalsbiblioteka.no/1030-2/kontakt/
Vi er stort sett tilgjengelege på telefon på dagtid og svarar på e-postar så fort vi kan.

Litteraturhuset heime i stova. Når korona-smittefaren tvingar oss alle heim i eiga stove fylgjer Litteraturhuset i Oslo etter, i digital versjon. I tida som kjem vil dei lage samtalar med utvalgte forfattarar, spesialskrivne foredrag, lesestunder for barna og andre kulturopplevingar, alt delt ope på nett.

Universitetsbiblioteket opnar Idunn.no for alle, slik at pensumartiklar og faglitteratur blir tilgjengelege i perioden med stengte bibliotek. På Idunn finn du over 36000 artiklar og kapitler, over 70 tidsskrift og ei rekke vitskapelege bøker.

Hele Norge Leser er ein leseplattform som tilbyr lesarar eit sosialt rom og ein møteplass der leseinteressa kan delast. Lesekonkurransen er open for alle som ynskjer å etablere lag og verta med på konkurransen. Hele Norge leser pågår i perioden 19. mars til og med 30. april 2020.  

På nettsida til Nasjonalbiblioteket kan du søke etter norske bøker, aviser, tidsskrift med meir publisert før 2001, og lesa dei på nett heilt gratis.

Med Google Arts and Culture kan du besøke utstillingar, zoome inn på kunst og sjå på tusenvis av historier, bilete, filmar og manus.

Stavanger bibliotek har laga denne fine sida med tips til korleis vi kan halde humøret og produksjonen oppe sjølv om vi er i karantene eller har heimekontor.

Meieriet bibliotek og Nordland fylkesbibliotek har nettopp utvikla nettsida Karanteket, ei samleside over digitale bibliotektenester. Mange gode tips og linkar til andre sider her!

Quiz er aldri feil! På NRK sine nettsider kan du ta quizzar til den store gullmedaljen!

På verdensbiblioteket.no finn du e-bøker og lydbøker på fleire av dei store minoritetsspråka i Noreg. Tenesten er gratis, men du må opprette eigen brukar og logge inn.

Forfatterskolens nye skrivekonkurranse har tema: «Isolasjon». Vi er nå inne i en rar og skremmende tid, og i slike tider kan vi heldigvis snu oss til teksten. Å skrive kan fungere som en god virkelighetsflukt. Vi inviterer dermed til skrivekonkurranse!

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close