Biblioteket tilbyr i desse korona-tider stadig fleire digitale tenester. For å bruke fleire av dei, treng du eit nasjonalt lånekort. Har du ikkje det frå før, kan du registrere deg sjølv via denne sida: https://nb.bib.no/cgi-bin/m2. Dette er eit fullverdig nasjonalt lånekort som lånarar utan nasjonalt lånekort frå før no enkelt kan skaffe seg.
Tjenesten krev at du identifiserer deg ved hjelp av ID-Porten (MinID, BankID, m.fl.).
Som digital nasjonal lånar har du tilgang til nasjonale bibliotektjenester som f.eks. Filmbib. Ta også ein kikk på Karanteket, ei side med oversikt over nasjonale bibliotektilbod som Nordland fylkesbibliotek har utarbeida dei siste vekene.
Spørsmål?
Ta kontakt med oss, vi svarar så fort vi kan! https://hallingdalsbiblioteka.no/1030-2/kontakt/