Hemsedal bibliotek,
tysdag 7. september,
kl.
20.00-21.45

Først:
Fleire 2-minutts innlegg på løpande band. Kristin Thorson, Elisabeth Njøsen, David Underland, Kjell Snerte, Line Sandvik, Kinga Bobinska, Jan Rye Ravnestad og Helge Berg Enitch svarar på spørsmålet “Kva er godt språk for deg?”

Deretter:
Dialog – om språk generelt og skulemål spesielt. Tori Snerte er møteleiar. Servering av kaffi og te.

Det er langt mellom folkerøystingane i Hemsedal. I og med at det faktisk skal vera folkerøysting 13. september om val av skulemål i bygda vår, samtidig med stortingsvalet, ser vi det som viktig å bidra til engasjement og opplysning kring dette temaet.


Dette er det tredje arrangementet i regi av Hemsedal Dialogforum. Vi hadde eit møte om livssyn & etikk og eit om seksualitet & identitet hausten 2019, og hadde planar om fleire møte, men vart forhindra av koronasituasjonen.

Hemsedal Dialogforum har som føremål å ta opp aktuelle og tidlause spørsmål innan kultur, livssyn, etikk, politikk og filosofi.
Vi ønskjer at samtalekveldane skal vera prega av openheit, tydelegheit og respekt for ulike synsmåtar, og at det er rom for djupare refleksjon over aktuelle tema som ofte blir polariserte i media.
Målet med dialogkveldane er at vi skal kjenne oss oppfriska og opplyste når vi går kvar til vårt – anten vi har delteke i ordskiftet eller berre vore tilstades som lyttar.

Hjarteleg velkomen!

Arr: Hemsedal Dialogforum

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close