Hallingmålet overlever så lenge ungdommen tek det i bruk!

Barn og ungdom som har lyst til å prate halling kan oppleve at det er tøft å vera ein/ei av få som gjer det. Nokre unge har lært hallingmål heime, andre har ikkje høve til å lære av sine nærmaste slektningar. Nye tider krev nye måtar å overføre hallingmålet til nye generasjonar, og i Hemsedal har dei arrangert dialektleir for barn og ungdom i fem år.

Tysdag 16. oktober kl. 19 arrangerer Gol bibliotek og Gol mållag dialekt-kveld. Då kjem Tori Snerte og Sønnev Skrede til Gol bibliotek for å fortelja om dialektleiren, kva dei har gjort, kva som har vore mest vellukka og kva dei tenkjer om framtida for hallingmålet.

Biblioteket vil vise fram dialekt-materiale, og du vil få høyre gamle lydopptak med hallingmål.

Sal av kaffi og kaker frå kl 18.40.

Gratis inngang, vel møtt!

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close