Fotoutstillinga “Det norske biblioteket”

«Det norske biblioteket» er eit fotoprosjekt av Jo Straube, som har resultert i både bok og utstilling. Utstillinga har vore Noreg rundt – no er det finale på Ål! Prosjektet skal dokumentere kva dei norske biblioteka er, korleis dei vert brukt og kva dei betyr for folk.

Det norske biblioteket.

Ål skal få nytt bibliotek i 2019. No ynskjer me å invitere ålingane til å seie noko om korleis dei vil at det nye biblioteket skal bli. Kanskje kan Jo Straube si utstilling og bok gi deg nokon idear? Skriv tankane dine på ein lapp og putt i idéboksen inne i biblioteket. Eller post eit innlegg på facebook-sida vår. Eller berre fortell oss som jobbar her kva du har på hjartet!

 

 

 

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close