Hallingdal har mange gode ørretelver og vatn. Nokon av dei er høgt profilerte og vert besøkt av både lokale og langvegsfarande fiskarar. Andre stader lever ørretane eit stille liv. Trond Andersson tek oss med både til kjente og ganske hemmelge fiskeplassar, men fellesnemnaren er at det er mogeleg å kjøpe fiskekort der. Med denne boka ysnkjer han å inspirere fleire til å fiske ørret i Hallingdal.

Etter siste istid kom planter, rein, menneske og ørret til Hallingdal, og ørreten stundom med menneskehjelp. Gjennom tidene har folk fiska med mange slags reiskapar, og fiske har vore ein viktig del av levemåten for mange. Olav Randen fortel i boka si historia om ørreten og ørretfisket, om fiskeflytting og fiskekultivering, om rettsreglar, fiskeme­todar og reiskapar, om kven som fiska og om fisk i kosthaldet. Siste del av boka handlar om korleis me tek best vare på ørreten i framtida.

Velkomen til boklansering!

Olav Randen

 

Trond Andersson

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close